I tillegg til kjøp og sal av brukte ting, tilbyr vi også tenester som verdivurdering, rydding av bu, gjennomføring av auksjonar og design- og arkitekttenester. Vi driv også Sanden pensjonat i Øyragata 9.

Har du noko du vil kjøpe/selje, eller lurer på kva me kan hjelpe deg med av tenester? Kontakt oss for ei uforpliktande samtale på telefon 57 66 64 04 eller send ein e-post til: [post @ brukthandelen.no].

Me arrangerer frå tid til anna auksjonar. Me tek i mot dine bod på e-post: [post @ brukthandelen.no] eller SMS: 47669909. Ver venleg å oppgje: Namn, adresse, telefonnummer, katalognummer/gjenstanden det gjeld og bodsum. Bodet må ha nådd oss innan dei kunngjorte fristene.

Når du sender bod til nettauksjon, så legg vi summen fortløpande ut under den aktuelle gjenstanden her på nettsida. Du må sjølv følgje med, for å sjå om andre legg inn høgare bod enn deg. (Du kan alternativt gje oss eit tak, så kan me by på dine vegne inntil di maksimumsgrense er nådd.)

Det er høve til å sjå gjenstandane før auksjonen, sjå nærare kunngjering om dette. Dei som ikkje har høve til dette kan lese auksjonslista her på nettsida eller ringe oss på telefon 57666404 for meir inngåande beskriving av aktuelle auksjonsvarer. Etter hammarslag vert difor ikkje reklamasjon godteke. Gjenstadane vert selt som dei er ved tilslaget, og kjøpar har overteke ansvaret for dei etter dette. Om nokon av auksjonsvilkåra vert brotne, kan den kjøpte gjenstanden bli selt til dekning av oppståtte omkostningar.

Salær: I tillegg til tilslagsbeløpet skal kjøpar betala 20% salær. Her er inkludert evt mva av salæret og, for bildande kunst, ei avgift på 5% til Bildende Kunstneres Hjelpefond

Betaling og henting: Dei kjøpte gjenstandene må betalast og hentast snarast mogleg, seinast innan tre dagar etter hammarslag, om ikkje anna er avtalt.

Generelle kjøps- og leveringsvilkår ved handel på internett: Alle varer er beskrive så godt som råd, men brukte varer er sjeldan i perfekt stand. Du har full returrett 14 dagar frå du har motteke varene (angrefristskjema ligg ved). Vi må umiddelbart få beskjed om ei vare du har fått tilsendt er defekt, øydelagt eller skadd under frakt. Ved reklamasjon dekker vi fraktomkostningane etter førehandsavtale. Ved retur som ikkje skuldast defekt eller skade, må produkta vere i same stand som ved mottak. Legg også ved tilsendte angrefristskjema der du påfører kvifor du ønskjer å returnere produkta, samt kontonummer. Varekostnaden vert betalt attende seinast 5 virkedagar etter at vi har fått produkta i retur. Til frådrag kjem vårt portoutlegg når varen ikkje vert returnert grunna skade.

Firmanamn: Lærdalsøyri brukt & antikk – brukthandelen.no
Juridisk namn: Fink ANS
Forretningsadresse: Øyragata 9, 6887 Lærdal
Innehavarar: Hallvard Trohaug, Jon E. Tamnes
Organisasjonsnummer: 955 862 392
Telefon 57 66 64 04 eller 47 66 99 09
E-post: [post @ brukthandelen.no]
Internettadresse: http://www.brukthandelen.no

Lærdalsøyri brukt & antikk | Øyragata 22 | 6887 Lærdal | Tel.:57 66 64 04 | Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. | Nettløsning levert av: netzfreund