Det norske Glohane-servicet er formgjeve av Mathias Gerhard «Tias» Eckhoff (fødd 25. juni 1926 i Vestre Slidre). Han arbeidde for Porsgrunds Porselænsfabrik frå 1949, som kunstarleg leiar frå 1953 til 1960 og seinare som konsulent. Dei mest kjende servisa han formgav for Porsgrund var Det Riflete 1952 og Glohane 1955, men han formgav også modellar som Regent, Hankø, Nektar og Meny. Han formgav også fleire restaurantservise og sanitære modellar som handvaskar. Her syner vi eit utval av serveringsdeler vi har for sal i Brukthandelen.no. Ta kontakt om du vil handle!
Frå 1957 fekk Tias Eckhoff sitt eige teiknekontor i Oslo. Han formgav fleire bestikkseriar for Georg Jensen, sylvbestikket Cypress, Lundtofte, stålbestikka Eckhoff, Opus og Fuga, og Norsk Stålpress, stålbestikka Maya, Una, Tiki og Chaco. På 1970- og 80-talet formgav han fleire stablestolar, Ana og Tomi i plast. I 1995 kom ein stol og eit bord i frompressa finer, Bella.
Ler meir om formgjevaren:
Alf Bøe og Inger Helene Stemshaug: Tias Eckhoff : en pionér i norsk industridesign
ISBN 82-7143-039-4










